Historia de Gentibus Septentrionalibus

Dvergar kjempar mot fuglar nord i Sverige

Historia de Gentibus Septentrionalibus er eit monumentalt bokverk skrive av den svenske biskopen Olaus Magnus (1490-1557), fyrst utgjeve i Roma i 1555. Tittelen kan direkte omsetjast frå latin som 'historia om folkeslaga som bur under Karlsvogna'. Boka er omsett til svensk som Historia om de nordiska folken. Tidlegare hadde Olaus Magnus gjeve ut kartet Carta Marina, som er eit av dei fyrste karta over Skandinavia.

Bokverket vart populært på grunn av mange illustrerande teikningar av folk og deira skikkar. Mykje av skildringa kan i ettertid sjåast på som overdriving, men kan vera ei kjelde til korleis Norden vart sett på i denne tida.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy